sports

Storhamar seriemeistrar etter storsiger

Storhamar sikra seg torsdag tittelen som seriemeistrar i ishockey. Det blei klart etter 5–0-siger over Lørenskog. Det første målet kom etter sju minutt på isen. Austin Cangelosi sette leiarmålet på ein keeperretur. Ti sekund etter dobla Martin Rønnild leiinga. David Aas-Larsen og Isac Skedung sette kvart sitt mål i mellomperioden. I siste periode sette Stefan Espeland inn det femte målet. Grunnserien i EHL blir avslutta på laurdag, men Storhamar starta dagen med ei luke på tre poeng til Vålerenga og er framfor Oslo-laget før innbyrdes oppgjer. Storhamar blir seriemeistrar for tredje året på rad. Dei har også vore noregsmeistrar dei siste to sesongane.

Read full story at NRK →